Gå til innhold
  • 1. oktober 2021

Ingunn Elstad kommer på besøk til Skjervøy og presenterer sin nyeste bok Tvangsevakueringa.
Foredraget tar for seg bakgrunnen for tvangsevakueringa og gjennomføringa av den i Nord-Troms – som i følge henne var spesielt kaotisk og uoversiktlig
Elstad vil også i foredraget fortelle om lokale forhold, som evakueringa av Skjervøy.

Ingunn Elstad skriver selv:
I månadsskiftet oktober-november 1944 visste ikkje folk i Nord-Troms om tvangsevakueringa og brenninga av Finnmark ville fortsette over fylkesgrensa. Det vart kunngjort at rømming av «en del av Nord-Norge» var militært nødvendig. Dei sovjetiske styrkane stod langt borte, i Aust-Finnmark. Likevel vart 12090 menneske i Nord-Troms bortført med tvang av den tyske okkupasjonsmakta.

Hitlers hemmelege ordre om tvangsevakuering omfatta heile retrettområdet til Lyngen. Slik ville han sikre kontrollen over sivilbefolkninga når okkupasjonsmakta trekte seg ut. Tilsvarande vart gjort i andre tyskokkuperte land. Dette er ein tråd i boka «Tvangsevakueringa», som er ei grundig dokumentert framstilling av tvangsevakueringa, bygd på personlege og lokalhistoriske forteljingar, norske, tyske og britiske arkivkjelder, og litteratur.

Tvangsevakueringa frå Nord-Troms vart spesielt kaotisk. Ordrane vart endra undervegs, nye kommunar vart trekt inn, og dei aller siste menneska vart ikkje tvangsevakuert før rett før freden. Føredraget tar for seg bakgrunnen for tvangsevakueringa, og korleis ho vart sett i gang og gjennomført i Nord-Troms. I kvart føredrag blir det også tatt opp evakueringshistorie knytt til den enkelte kommunen.

Arrangør: Skjervøy folkebibliotek i samarbeid med Biblioteksamarbeidet i Nord-Troms

Arrangementet er støttet av stiftelsen Fritt ord