Gå til innhold
Tid

18.11.2022 kl. 11:30


«Eg er ikkje forelska i Martin» er eit musikkdrama som utforskar kjærleiken mellom to kvinner på starten av 1900-talet, og grensene mellom tausheit og openheit.

Den unge kvinna Dortea er igjen i heimbygda etter at både bestevenninna og storesøstera har flytta derifrå. Ho kjenner seg meir og meir framand blant dei rundt. Er det noko galt med ho, fordi ho ikkje klarer å sjå seg sjølv med mann og barn, slik ein bør på starten av 1900-talet? Gjennom å brevveksle med bestevenninna Astrid innser ho snart at det ho kjenner på er meir enn berre venskap. Men kva gjer ho med desse kjenslene? Kor mykje kan ho røpe? Og korleis veit ho kva Astrid føler?

Vi følger brevvekslinga mellom Dortea og Astrid, og Dortea si reise frå å kjenne seg annleis og utanfor til å finne menneske som liknar på ho sjølv.

Manus og regi: Marte Fillan
Musikk og manus: Guro Utne Salvesen

Medverkande:
Dortea: Guro Utne Salvesen
Dansarar: Eva Svaneblom og Synne Lundesgaard
Musikar: Solvei Stenslie

Gratis inngang

Dette er en del av Skjervøy folkebibliotek sin markering av skeivt kulturår.
Skjervøy helsestasjon vil være til stede under arrangementet.