Gå til innhold
Tid

03.02.2022 kl. 19:00

Sted

https://www.nb.no/hva-skjer/petronelle-nielsen-noregs-gentleman-jack/

Det blir direktesendt fra Nasjonalbiblioteket.

“[E]ensom Roe og en kjer Venindes Selskab er det eneste som her efter, vil skjenke mig Glæde. “

I Nasjonalbiblioteket ligg det dagbøker etter Petronelle Nielsen (1797–1886), som var kunstmålar, ei av dei første kvinnelege fotturistane i Noreg, og ei av få kvinner i samtida si som fekk bli myndigmyndiggjort. I dagbøkene hennar kan ein lese om mange og gripande forelskingar i unge kvinner, og refleksjonar rundt dei kjenslene ho har for dei. Store delar av livet levde ho saman med ei kvinne, og mot slutten av det, blei ho også huseigar. Ho gikk sine eigne vegar, men utan å bli utstøytt på noko vis. Korleis såg samtida hennar på det livet Nielsen levde? Og kva tenkte ho sjølv om kjærleiken til andre kvinner?

Gisken Armand les frå dagbøkene til Nielsen. Siri Lindstad leiar ein samtale der kor Marie Kløvstad Øye, som løfta Petronelle Nielsen fram frå gløymsla, kurator og forfattar Bjørn Hatterud og professor i kulturvitskap Tone Hellesund, snakkar om dagbøkene til Petronelle Nielsen og tida og livet dei sprang ut av.

Arrangementet blir strømmet direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikke billett for å se den digitale sendinga.

Skeivt kulturår 2022

I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer.